Odi skriver om flommen i Thailand.

Saken er laga på nynorsk til avisa Vest Telemark Blad som dekker kommunene Kviteseid, Seljord, Nissedal, Fyresdal og Vinje og Tokke.
Det er viktig å huske på at artikkelen er skrevet søndag 30 august, så hva som har skjedd etter det er naturlig nok ikke med. Bilda som illustrerer art. er tatt i Khorat av Stig Nystad, under flommen i fjor.

Rapport frå flaumen

Tekst: Odd Jan Sandsdalen   Foto: Stig Nystad

Eg fekk ein liten mail frå Redaktør Knut Espelid her om dagen. Han skreiv kort og godt følgande: - Høyrer om flaum i Thailand. Håpar de held dykk tørre på beina der de er.

Eg svara som sant var at det er ingen fare med oss som bur i Pattaya eller Hua Hin området, som ligg på den andre sida av Siambukta. Det er i desse to områda av Thailand, pluss Phuket, dei fleste norske turistar og pensjonistar oppheld seg. Også ein del vest-telemarkingar.
Styresmaktene her reknar med at antalet turistar til landet vil gå ned med eit par millionar på grunn av flaumen, som er venta å vare i frå 4 til 8 veker til, sjølv om regntida nå går mot slutten. Det er enorme jordbruks og bustad-område vi snakkar om.
Nå får ein bare krysse fingrar og tær, og be til Buddha om at Suvarnabhumi flyplassen blir spart. Don Muang, innanriksflyplassen er forlengst stengt og under vatn.

Espelid repliserte at det kunne "vera interessant å få ein liten rapport---så om du skriv nokre setningar om situasjonen og stemninga, og kanskje til og med eit bilde..."

Flaum i Thailand
The Bamboo People
Thaiane blir kalla for the Bamboo People. Du kan bøye dei, kue og undertrykke dei, men knekke dei greier ingen, heller ikkje naturkatastofar som tsunami eller storflaum. Og ein ting må seiast med ein gong: Flaum er det i Thailand kvart år, og tildels stor flaum, uten at det vekkjer merksemd i utanlandske media. Det er antagelegvis også grunnen til at årets flaum ikkje ble tatt på alvor av korkje regjeringa, City Hall i Bangkok eller av innbyggarane, før det var for seint. Med forseint mener eg ikkje at nokon kunne stoppe monsunregnet, men at avlastingskanalar osv. kunne ha blitt gjort ferdige om arbeidet hadde børja i tide. Dei store dammane skulla sjølvsagt ha vore tappa ned, og i etterpåklokskapens navn er det mangt dei kunne og skulle ha gjort. Og at det blir eit politisk etterspel her, er berre forbokstaven.

Men nå er den her, storflaumen. Den værste i manns minne. Dei snakkar om 1942, men då var Bangkok ein småby å rekne i relasjon til i dag. I skrivande stund (søndag 31 oktober) er nærare 1/3 av landet meir eller mindre under vatn. Den tredjedelen er også det tettast befolka område av Thailand. Bare i Stor-bangkok er det godt over 15 millionar menneske.

Men som sagt, vi i Banglamung, som kommunen vår heiter, (Pattaya og Jomtien er bare bydels-navn) greier nok å halde oss tørre. Men mange millionar har alt flykta og blitt evakuert ut frå Bangkok, og minst ein million av dei har kome hit til Chonburi fylke! Alle Hotel, Guest House, leilighetsbygg og landsbyer med hus til leige er fulle. Ikkje ei seng eller sovematte å oppdrive. Men thaiene veit råd, dei er van med å sove mange saman. I  Norge vil og skal alle ungar ha sitt eige rom. Her må dei tvingast til å sove for seg sjølv...

Flaum i Thailand
Du veit ikke kva nedbør er, før du har vore i Østen
TV-bilda frå Bangkok viser familiar som har bygd flåtar av det meste, og fartar rundt på kanalgatene i badekar og vaskebaljer, plankebitar på oljetønner og tome plastdunker bundne saman med ei plate på toppen utgjer ein bra plass for familiens firbeinte venner. Dei veit råd med det meste thaiane. Og sjølv i slike pressa situasjonar er ikke det velkjende thai-smilet langt unna. Men dei er stolte, du skal vera ytterst varsam med å få ein thai til å "miste ansikt" som det heiter. Då kan det gå deg værre enn ille.
Det var mykje krauning om for mykje regn i Norge i sommar, såg eg i nettavisene. Men den som ikke har vore i Asia veit ikkje kva regnver er.

Det er fanga både slangar og rømte krokodiller i Bangkoks flaumvatn, og det rett utanfor det kongelege palass, og vatnet er sjølvsagt kraftig forureinsa, så på litt  sikt er det stor fare for utbrot av denguefever, diare og kolera. Mange sjukehus og fengsel er evakuert, skular og universitet stengt på ubestemt tid, og det børjar bli tomt i butikkhyllene. Og det er nå rasjonering på det meste. Flaskevatn var det første som tok heilt slutt. Og NB. Her kan du ikkje drikke frå springen!
Tusenvis av små og store fabrikkar er og under vatn, inkludert slike som Toyota og Honda. Millionar av kyllingar drukna så det er eggmangel. Mange vegar er sjølvsagt stengt, og både nord og sørgåande tog til og frå megabyen kanselert inntil vidare og over 400 menneskje er døde så langt.
Det er kombinasjoen av høgvatn frå Siambukta samstundes som vassmengdene som kjem frå nord, som fører til at Chao Praya-elva går over sine bredder, og legg også delar av by-sentrum under vatn. Det vil koste landet dyrt.

Eg kjøyrde ein runde i Pattaya på laurdag, og det å beskrive trafikksituasjonen er enklast ved å referere til at det var som- laurdags dyrskutrafikk. Då skjønar nok alle i Vest Telemark korkeis det er, og vil bli framover.
Flaum i Thailand

Ferskvatn-tsunami
Men thaiane står han nok av, denne katastofen også, og Ferskvatns-tsunamien, som flaumen blir kalla, trekker seg nok tilbake  i løpet av november. Flaumen i Central Thailand kom ikke veltande, den kom snikande, og vatnet steig og steig nesten umerkeleg til å børje med, og ingen trudde den skulle få eit så stort og dramatisk omfang.
Men det er 35 varmegrader, så berre vi slepp meir regn så skal dette gå bra.

PS. Til dei fotballinteresserte: VM-kvalifiseringskamopen mellom Thailand og Australia er flytta til Chiang Mai

Pattaya søndag 30 oktober kl. 19  lokal tid


NB. Bilda er frå flaumen i fjor på same tid i provinsen Khorat